FESTIVALPASS FALTURILTU
Eitt pass – tre dagar – kom og gå når du vil!

Festivalpasset kjøper du på denne lenka.
Prisen for festivalpasset er 895,- fram til 15. oktober, då vil det stiga til 995,-
Du må vera 18 år eller eldre for å kjøpa festival- eller dagspass, då det vil vera servering under festivalen.

Passa gjev deg tilgang til alle arrangement med atterhald om at det er ledig plass i lokalet, men du kan òg kjøpa ein setereservasjon for kr. 10,- som gjer at du er sikra plass. Du får ein eigen e-post om dette når alle arrangementa er publiserte.

Dagspass
Det er og tilgjengeleg dagspass til dei ulike dagane, du finn lenke til desse under programmet.

PROGRAM FALTURILTU HEILHUSFESTIVAL klikk her for festivalpass 895,-

Torsdag 6. november – Sjøhuset Leirvik sentrum
klikk her for dagspass 295,-
19:00 Stjernebokbar med Agnes Ravatn, Anna R. Folkestad, Guri Idsø Viken, Ingelin Røssland og Ruth Lillegraven.
20:30 Platons drikkegilde med Annlaug Børsheim, Vibeke Flesland Havre, Kai Kenneth Hansen, Selma Lønning Aarø, Brynjulf Jung Tjønn med fleire.

Fredag 7. november – Stord kulturhus
klikk her for dagspass – 595,-
19:00 TAUS. Vossapop som boblar over av energi, vinnar av Vestlandssatsinga 2025.
20:30 Heim med Joni. Hyllest til Joni Mitchell med Heine Bugge, Sigbjørn Apeland, Halvor Folgerø. Annlaug Børsheim, Kåre Opheim, Sjur Folgerø, Åse Britt Reme Jakobsen og Kjersti Mjør.
22:00 Endre Olsen & Ragnhild Kambo Grov med band. Stordabuane Endre Olsen & Ragnhild Kambo Grov slapp tidlegare i år «Vekk meg lenger vekke» og tek med seg Roald Kaldestad på gitar og Hans-Olav Molde på trommer.

Laurdag 8. november – Stord kulturhus
klikk her for dagspass – 695,-
12:30 Karen Kyllesø – Noregs yngste polfarar
13:30 Blått Svev med Hildegun Riise, Benedicte Maurseth og Sigbjørn Apeland
14:00 Ungdom, politikk og litteratur i ei polarisert tid. Forfattarane Andrea Rudland Haave, Therese Garhol Syversen og Ingelin Røssland møtes til samtale om statusjag, ungdomskultur og kva rolle litteraturen kan spela (gratisarr. i biblioteket). I samarbeid med Folkeakademiet Stord.
15:00 Arill Riise – journalist og forfattar – fortel frå boka «Der ingen var einsam: Klyngetunet som vart utsletta»
15:00 Lesedigg med Anders Totland (gratisarr. i biblioteket)

18:00 Fire stemmer, ei fele og ein gitar – journalist og forfattar Kjersti Mjør bokbadar Agnes Ravatn og Ruth Lillegraven til tonesetting av Annlaug Børsheim.
19:00 Ingrid Belt. 26-åringen frå Stord er eit poptalent som held på med sitt første album.
20:00 Stein Torleif Bjella. Låtskrivaren frå Ål som er blitt ein av landet sine mest folkekjære artistar stiller med fullt band.
21:45 Slagersong og svartmetall – nynorske musikkperler. Arild Torvund Olsen inviterer inn Selma Lønning Aarø, Annlaug Børsheim, Endre Olsen og Roald Kaldestad til musikkdrøs og lytting.