Pølsetjuven med Etne kulturskule
Dei flinke elevane i Etne kulturskule dramatiserer historia om Pølsetjuven Kjell!
Pølsetjuven, som er skriven av festivalforfattar Marianne Gretteberg Engedal, kan allereie kallast ein moderne klassikar i norsk barnelitteratur sjølv om den kom ut for knappe 5 år sidan.
I framsyninga på Skakke vil du møta Kjell, bestevenen Pølse-Per og alle dei andre herlege karakterane frå boka.
Laga om til teater av Grete Maritsdatter.
Merk at billettar til denne blir berre selt i døra.
Eit samarbeid mellom Etne kommune og Falturiltu.