KVISS og KVASS sin barnebok-kviss
Kviss og Kvass er attende med ein flunkande ny kviss om barne- og ungdomslitteratur. Her kan du forventa å bli overraska over dine eigne kunnskapar, for Kviss og Kvass kan nær sagt finna på kva som helst. Det blir nett passe vanskeleg, nett passe lett og jamt over berre gøy.
Kven er Kviss og Kvass, seier du? Det er sjølvsagt forfattar og fiskebolleboksentusiast Anna R. Folkestad og Svein Olav Langåker, mannen med flest nynorske hattar i landet.