Ein podcast om Jens K. Styve
Podcast-vert Øystein Runde i samtale med teikneserieskapar Jens K. Styve.
Empirix sin podcast om teikneserier LIVE frå Åtgaum. Her snakkar vert og teikneserieskapar Øystein Runde med aktuelle personer fra teikneserie-norge. Denne gong med den sagnomsuste Jens K. Styve, mannen bak Dunce!
Jens K. Styve er frå ei lita bygd på Vestlandet, men er no busett i Tromsø. Etter å ha jobba med undergrunnsseriar i fleire år, så var han med på å grunnleggja Jippi forlag i 1997.
Styve er skaparen bak Dunce, som har vore ei dagleg stripeserie i Klassekampen og ei rekkje andre aviser. Serien blei tildelt Pondus-prisen i 2018 og Sproing-prisen i 2020, og Styve fekk Samlaget sin Blixprisen i 2022 for å gjera nynorsken synleg som bruksspråk på nye litterære arenaer.