Berenika Kolomycka – «På fire bein» EPOS-turné
Litteraturbåten EPOS tek med seg forfattar Berenika Kolomycka på turné til kommunane Kvinnherad, Tysnes, Bømlo og Fitjar.
Berenika Kolomycka er ein illustratør og forfattar med bakgrunn frå kunstakademiet i Warszawa. Kolomycka har tidlegare delteke på Raptus-festivalen i Bergen.
I Noreg er ho mest kjent for teikneserien På Fire Bein, som er ein filosofisk serie om vandringa til Vesle Rev og Store Villsvin. Denne er no komen ut i åtte bind, der fem av dei er utgjeven på norsk.
Turneruta til Litteraturbåten EPOS:
Tysdag 5.11
Hatlestrand skule 09:00
Ølve Montessoriskule 11:00
Onarheim skule 12:45
Onsdag 6.11
Hillestveit skule, Langevåg 09:00
Moster skule 12:00
Torsdag 7.11
Rimbareid skule, Fitjar 09:00
Tysnes skule, Våge 12:30
Turnéen er eit godt samarbeid mellom Kvinnherad bibliotek, Tysnes folkebibliotek, Bømlo folkebibliotek, Fitjar folkebibliotek, Andersens forlag, Litteraturbåten Epos og Falturiltu. Takk til Goethe Institute, Kulturrådet og Stiftelsen Fritt Ord for støtte.
A CULTURE MOVES EUROPE INDIVIDUAL MOBILITY project.
This work was produced with the financial assistance of the European Union. The views expressed herein can in no way be taken to reflect the official opinion of the European Union.