1 bokbad som må gjerast før verda går under
Festivalbaren Åtgaum serverer Bjørn Sortland sin livrett klokka 18: Torsk med mandelpuré. Akkompagnert av oppskårne småtomater, valnøtter og soltørka tomater i ein lun dressing av balsamico og olivenolje. Du kan velja å kjøpa billett med eller utan mat. Etter bokbadet stiller Fransk salong med valgvake der du kan følgja den amerikanske valkampen utover kvelden.
Bjørn Sortland må seiast å vera ein av dei mest produktive forfattarane i landet. Sortland, som er frå Bømlo, skreiv si første bok i 1992. I 1998 bestemte han seg for å bli forfattar på heiltid, og i 2024 har han mista talet på kor mange bøker det er blitt. Men det er over 70 bøker, og dei er utgjevne på 28 ulike språk. Det er eit tal som få forfattarar oppnår i løpet av heile si levetid. Og denne mannen er berre 56 år, så det kan bli 70 bøker til.
Både sjanger- og språkmessig er han ein kameleon. Sortland skriv på nynorsk og bokmål, for barn og vaksne. Han har skrive biletbøker, romanar, teikneseriar, faglitteratur, barnebøker og ungdomsbøker. Falturiltu plar seia at Sortland skriv dei vakraste bøkene sine på nynorsk, og dei mest kommersielle på bokmål.
Sortland har vunne mange prisar for bøkene sine, og har eit særleg blikk for kunst som han stadig lurer inn i bøkene sine. Mest kjent er Sortland for Kunstdetektivene og Kepler62, som begge er spenningseriar for barn. Han står bak nokre av dei finaste titlane som finst i bokjungelen, som: Den solbrente mammaen som kledde seg naken for å bli kunst (1999), Jenta med heilt jamne, mjuke augebryn (2008), Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar (2012) og 12 ting som må gjerast rett før verda går under (2001).
I dag kjennest det til tider som det er rett før verda går under. Krig herjer i Europa, Afrika og Midtausten. Den 5. november er det presidentval i eitt av verdas mektigaste land, der folk er meir splitta enno nokon sinne. Ein tidlegare president har sagt at dersom han ikkje blir valt, blir det eit blodbad. Som Thomas Seltzer seier i NRK-serien UXA: «Eg tenkjer at haustens val ikkje berre handlar om kven som skal styra landet. Det handlar óg om korvidt USA skal halda fram med å vera eit demokrati». Eit land der fleire delstatar fjernar bøker frå skulebiblioteka som dei meiner er upassande for barn fordi dei inneheld skildringar av minoritetar eller seksualitet.
Frykta for å mista det frie ordet, er eit tema Bjørn Sortland har vore innom i Forteljinga om jakta på forteljinga (1995). I år er han passande nok ute med ein ny roman for barn som heiter «Eg er redd for atom-bomber, jenter som heiter Nina, og at foreldra mine ikkje er foreldra mine på ekte». Er det ei politisk bok? Er Bjørn Sortland oppteken av kva verd det er dagens barn tek over, sidan han framleis skriv for barn? Bør me vera redde for dei andre, eller bør me berre redda oss sjølve? Greier Bjørn Sortland å halda oppe trua om det vakre i kunsten og litteraturen? Er kunst og litteratur eigentleg viktig i ei slik verd?
Forfattar Bjørn Sortland blir bokbada av Ingrid Leithaug Mjanger, bibliotekar ved Bømlo bibliotek.
I samarbeid med Nynorskstafetten/ Nynorsk kultursentrum.