1. – 9. november 2024
Ida Neverdahl. Foto: Gry Dahl

Ida Neverdahl

Les meir

Marianne Gretteberg Engedal (sjølvportrett med katt)

Marianne Gretteberg Engedal

Les meir

Ruth Lillegraven. Foto: Ann-Sissel Holthe

Ruth Lillegraven

Les meir

Profilbilde Bjørn Sortland av Thor Brødreskift

Bjørn Sortland

Les meir

Portrettfoto Maria Parr av fotograf Julia Maria Naglestad.

Maria Parr

Les meir

Profilfoto Linda Eide av Tore Zakariassen.

Linda Eide

Les meir

Marit Eikemo. Foto: Agnete Brun

Marit Eikemo

Les meir

Portrettfoto Hans Sande av Kari M. Svanberg

Hans Sande

Les meir

Promobilde Anna R. Folkestad av fotograf Bodil Haga

Anna R. Folkestad

Les meir

Malin Hellebø. Foto: Helene Jelsø Spanthus

Malin Hellebø

Les meir

Berenika Kolomycka

Berenika Kolomycka

Les meir

Portrettfoto Frode Grytten av fotograf Helge Skodvin

Frode Grytten

Les meir

Åshild Irgens. Foto: Privat

Åshild Irgens

Les meir

Benedicte Maurseth. Foto: Tore Sætre

Benedicte Maurseth

Les meir

Martine Grande. Foto: Ragne Grande

Martine Grande

Les meir

Hildegun Riise. Foto: Ylva Catodotter Fyllingsnes

Hildegun Riise

Les meir

Linn Isabel Eielsen. Foto: Privat

Linn Isabel Eielsen

Les meir

Åshild Moldskred. Foto: Hilde Wormdahl

Åshild Moldskred

Les meir

Hilde Hodnefjeld. Foto: Trond Bredesen

Hilde Hodnefjeld

Les meir

Portrettfoto av Anders Totland. Privat foto.

Anders Totland

Les meir

Jens K. Styve. Foto: Nicolas Tourrenc

Jens K. Styve

Les meir

Sigbjørn Apeland. Foto: Magne Sandnes

Sigbjørn Apeland

Les meir

Profilfoto Sjur Hjeltnes av Hanne Cathrin Olsen.

Sjur Hjeltnes

Les meir

Sigmund Løvåsen. Foto: Silje Rønneberg Hogstad

Sigmund Løvåsen

Les meir

Øystein Runde

Øystein Runde

Les meir

Bandet TØFL. Foto: Stageway

TØFL

Les meir

TeARTig med Therese Nes og Gudrun Thomas

TeARTig

Les meir

Portrettfoto av Heidi Fagna. Foto: Nynorsksenteret

Heidi Fagna

Les meir

Tilbake

1 bokbad som må gjerast rett før verda går under

Bjørn Sortland må seiast å vera ein av dei mest produktive forfattarane i landet. Sortland, som er frå Bømlo, skreiv si første bok i 1992. I 1998 bestemte han seg for å bli forfattar på heiltid, og i 2024 har han mista talet på kor mange bøker det er blitt. Men det er over 70 bøker, og dei er utgjevne på 28 ulike språk. Det er eit tal som få forfattarar oppnår i løpet av heile si levetid. Og denne mannen er berre 56 år, så det kan bli 70 bøker til.

Både sjanger- og språkmessig er han ein kameleon. Sortland skriv på nynorsk og bokmål, for barn og vaksne. Han har skrive biletbøker, romanar, teikneseriar, faglitteratur, barnebøker og ungdomsbøker. Falturiltu plar seia at Sortland skriv dei vakraste bøkene sine på nynorsk, og dei mest kommersielle på bokmål.

Sortland har vunne mange prisar for bøkene sine, og har eit særleg blikk for kunst som han stadig lurer inn i bøkene sine. Mest kjent er Sortland for Kunstdetektivene og Kepler62, som begge er spenningseriar for barn. Han står bak nokre av dei finaste titlane som finst i bokjungelen, som: Den solbrente mammaen som kledde seg naken for å bli kunst (1999), Jenta med heilt jamne, mjuke augebryn (2008), Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar (2012) og 12 ting som må gjerast rett før verda går under (2001).

I dag kjennest det til tider som det er rett før verda går under. Krig herjer i Europa, Afrika og Midtausten. Den 5. november er det presidentval i eitt av verdas mektigaste land, der folk er meir splitta enno nokon sinne. Ein tidlegare president har sagt at dersom han ikkje blir valt, blir det eit blodbad. Som Thomas Seltzer seier i NRK-serien UXA: «Eg tenkjer at haustens val ikkje berre handlar om kven som skal styra landet. Det handlar óg om korvidt USA skal halda fram med å vera eit demokrati». Eit land der fleire delstatar fjernar bøker frå skulebiblioteka som dei meiner er upassande for barn fordi dei inneheld skildringar av minoritetar eller seksualitet.

Frykta for å mista det frie ordet, er eit tema Bjørn Sortland har vore innom i Forteljinga om jakta på forteljinga (1995). I år er han passande nok ute med ein ny roman for barn som heiter «Eg er redd for atom-bomber, jenter som heiter Nina, og at foreldra mine ikkje er foreldra mine på ekte». Er det ei politisk bok? Er Bjørn Sortland oppteken av kva verd det er dagens barn tek over, sidan han framleis skriv for barn? Bør me vera redde for dei andre, eller bør me berre redda oss sjølve? Greier Bjørn Sortland å halda oppe trua om det vakre i kunsten og litteraturen? Er kunst og litteratur eigentleg viktig i ei slik verd?

Forfattar Bjørn Sortland blir bokbada av Ingrid Leithaug Mjanger, bibliotekar ved Bømlo bibliotek.

Festivalbaren Åtgaum serverer Bjørn Sortland sin livrett klokka 18: Torsk med mandelpuré. Akkompagnert av oppskårne småtomater, valnøtter og soltørka tomater i ein lun dressing av balsamico og olivenolje. Du kan velja å kjøpa billett med eller utan mat. Etter bokbadet stiller Fransk salong med valgvake der du kan følgja den amerikanske valkampen utover kvelden

I samarbeid med Nynorskstafetten/ Nynorsk kultursentrum.