Seminar 2014
Festivalpakke – Falturiltu
Onsdag 5. og torsdag 6. november har me eit tilbod som må vera midt i blinken for alle litteraturformidlarar og andre som er glade i god barne- og ungdomslitteratur. Då kan du få med deg to seminardagar med fagleg påfyll, og i tillegg få ein smak av festivallivet på verdas einaste nynorske barnebokfestival.
Du vel sjølv om du vil vera med på begge, eitt eller ingen av kveldsarrangementa. Deltek du på begge seminardagane, får du spesialpris på Grand Hotell Stord. Du får òg rabatt på arrangementa til Falturiltu kvelden 5. november.
SEMINAR onsdag: Leseglede og lærelyst med nynorsk barne- og ungdomslitteratur
Stad og tid: Småsalen, Stord kulturhus 5. november
Målgruppe: bibliotekstilsette, førskulelærarar, lærarar og andre interesserte.
MÅL: Vise fram den gode litteraturen og visa korleis han kan formidlast
Arrangørar: Landssamanslutninga av nynorskkommunar v/Framtida.no, Nynorsksenteret og Fylkesbiblioteket i Hordaland
09.00 Registrering
09.30 Opning
09.40: Ragnfrid Trohaug, sjefredaktør for barne- og ungdomslitteratur, Samlaget,om kvifor det er viktig og lurt å lesa på nynorsk
10.10 Janne Karin Støylen, formidlar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, om formidling, spesielt om lesegleding. (45 min).
10.50 Terje Torkildsen, forfattar av fleire prisvinnande ungdomsbøker på nynorsk, Å skriva for dei som ikkje vil lesa (til 1130)
LUNSJ 11.30-12.30:
Etter lunsj, delte sesjonar:
Barnehage og småskule:
12.30: Anne Stefi Teigland, Kunsten å velje nynorskbok. Om føresetnader for god formidling og nye, gode bøker, ved prosjektleiar og formidlar Anne-Stefi Teigland, Bergen Offentlige
13.15: Trude Hoel, Lesesenteret: «Ein banan er ikkje berre ein banan». Om dialogisk lesing og vaksne som språklege rollemodellar. Hentar døme frå Mopp og Mikko-prosjektet i Ølensjøen barnehage. Presentasjon av Lesesenteret og Foreldreutvalget for barnehager (FUB) sitt materiell: «Hugs å lese saman med ungane!»
Ungdomsskule og vidaregåande:
12.30: Janne Karin Støylen, Nynorsksenteret: Kva er god ungdomslitteratur? Om masteroppgåve om UPrisvinnarane
1315: Anne-Stefi Teigland, litteraturformidlar ved Bergen Off. Bibliotek. Både om nyare ungdomslitteratur og 1990-talet. Aktualiserer det som finst.
14.00: Pause
Fellesdel:
14.15-15.00 Debatt Diskusjon om tiltak i bibliotek og skular. Ragnfrid Trohaug m.fl.
Meld deg på her.
Kveldsprogram
18.30: Opera, Høgskulen Stord/Haugesund, Rommetveit, Aulaen. «Skammarens dotter». Ein opera med utgangspunkt i boka av Lene Kaaberbøl. Bearbeidd og komponert av studentar på HSH. Spesialpris: 50 kroner
20.00: Flittige hender. Vaksenbokkveld på Sunnhordland museum, med fokus på handarbeid av mange slag, og litteratur inspirert av handarbeid. Debutanten Eli Fossdal Våge les frå diktboka Hekla myter. Vinnaren av handarbeidstevlinga vår blir kåra. Spesialpris: 50 kroner
Seminar torsdag: Fantasi og fanteri – om fantasy og fantastikk.
Stad og tid: Høgskolen Stord/Haugesund, Rommetveit, 6. november
08:30 Kaffi, te, registrering
09:00 Opning. Rektor ved HSH, Liv Reidun Grimstvedt ønskjer vel møtt. Musikalsk innslag ved Sander Askeland.
09:30 Ikkje for sarte sjeler, altså!
Forfattar Tor Arve Røssland om kvifor skrekk og gru er så forlokkande for mange lesarar, spesielt unge, og kva erfaringar han har gjort etter nokre hundre opplesingar om Svarte-Mathilda.
10:15 Pause
10:30 Når eg skriv at det vesle saksedyret brettar vengene 40 gonger etter kvar flygetur, kunne ikkje det vere starten på eit eventyr?
Forfattar Erna Osland om det fantastiske i fagbøker for barn.
11:15 Lunsj
12.00 ”Fantasy – nei takk, jeg liker ikke sånne bøker!”
Fantasyforfattar Mari Moen Holsve tenkjer høgt rundt fantasysjangerens rykte. Kvifor vil mange heller bli tatt på fersken i å lesa Fifty Shades of Grey enn i å lesa fantasy? Eit skråblikk på klisjear og fordommar.
13:00 Skammarens dotter – Ein opera med utgangspunkt i boka av Lene Kaaberbøl. Bearbeidd og komponert av studentar på HSH.
14:00 Den fantastiske spenninga. Forfattar Lars Mæhle vil med utgangspunkt i sin eigen fantasyserie for ungdom, Landet under isen, komma inn på mulege årsaker til at så mange unge lesarar finn fantasylitteratur fascinerande.
15:00 Slutt
Seminarleiar: Per Olav Kaldestad
Seminaravgifta på 250 kroner inkluderer lunsj, kaffi/te og frukt. Meld deg på her.