Me i programrådet er særs takksame og glade etter ein veldig kjekk Falturiltu-festival. Me vil takka vår strålande festivalforfattar Anna R. Folkestad, alle dei andre forfattarane og musikarane som bidrog, dei dyktige folka på lyd og lys, dei heilt uunnverlege friviljuge og ikkje minst: alle dykk som kom og lytta og såg og var entusiastisk til stades. Tusen takk for i år, og velkomne attende i november 2026!
Beste helsing programrådet – Trond Onarheim, Siv Rørlien Pettersen, Ruth Lillegraven, Ingrid Leithaug Mjanger og Camilla Ruhs ![]()
Ei ekstra takk til tilskotsgjevarane våre som gjer det mogleg å arrangera denne årlege litteraturfesten – Kulturrådet, Vestland fylkeskommune, Stord kommune, Stiftelsen Fritt Ord, Haugaland Kraft, Sparebanken Norge og Sunnhordland kraftlag As![]()
Foto: Mónica Ferreira