29. okt. – 7. nov. 2026
Ruth Lillegraven. Foto: Ann-Sissel Holthe

Ruth Lillegraven

Les meir

Annlaug Børsheim. Foto: Per Finne

Annlaug Børsheim

Les meir

Profilbilde Ingelin Røssland av fotograf Lars Myhren Holand

Ingelin Røssland

Les meir

TeARTig med Therese Nes og Gudrun Thomas

TeARTig

Les meir

TAUS. Foto: Aleksandra Suchkova

TAUS

Les meir

Gode gjest!

Velkomen til Falturiltu!

Her finn du diverse informasjon om festivalen. Programrådet i Falturiltu håpar du får eit triveleg opphald – me gler oss skikkeleg til å ha deg på besøk!

Info
Overnatting
Stord hotell (Kjøtteinsvegen 67) er festivalhotellet. Her bur alle årets tilreisande deltakarar. Hotellet har frukost frå 05:45 – 10 alle dagar (10:30 laurdag og sundag). Restauranten er open frå 17 – 22  alle dagar utanom sundag.
Akkreditering
Som utøvar har du gratis inngang til alle arrangement på Falturiltu. Festivalband får du på festivalkontoret.
Diett/ lunsjpakke
Festivalen dekkjer diett etter statlege satsar. Har du program på dagtid, kan du smøra deg lunsjpakke under frukosten og ta med deg ut på oppdrag. Dette er avtala med hotellet og blir dekka av festivalen. Dersom du ikkje ønskjer å nytta deg av dette tilbodet, gje beskjed til Trond. Hugs å trekka frå måltid dekka av festivalen når du fører opp diett på faktura eller skjema frå festivalen. Det er altså ikkje bongar eller liknande hos oss, du vel sjølv kvar du vil eta. I tillegg til hotellet er det fleire serveringsstader i sentrum der du kan kjøpa deg middag.
Festivalkontor
Falturiltu sin stab finn du i 2. etasje i Stord kulturhus, i kulturavdelinga rett opp trappa. Her kan du få deg eit fint bærenett med Falturiltu sin logo og festivalpass. Du er òg hjarteleg velkomen innom Stord bibliotek som ligg i andre enden av Stord kulturhus. Festivalkontoret er stort sett bemanna 08:30-15:30. Men du kan òg ringa oss, telefonnummera finn du under her.
Festivalskyss
Falturiltu skyssar deg der du skal ut på oppdrag med unntak av Leirvik skule, Stord ungdomsskule og Stord vgs. Desse skulane ligg i utgangspunktet i passeleg gåavstand frå sentrum/hotellet. MEN: Ikkje ver redd for å spørja om skyss også til desse stadane om du helst ikkje vil ta beina fatt. Om morgonen hentar me deg på Stord hotell med mindre du vil bli plukka opp ein annan stad.

Om du har ankomst eller avgang frå Stord lufthamn, så blir du henta/ skyssa av ein av festivalbilane våre.

Informasjon om kven som skyssar deg, får du enten på e-post eller mobil, seinast dagen før.
Honorar:
-Me følgjer Norsk Forfattersentrum sine honorarsatsar, og oppdrag vil bli booka gjennom Forfattersentrum for deg som er medlem der.
-Dersom du ikkje er medlem så fakturerer du oss direkte med EHF-faktura til organisasjonsnummer 939 866 914 og referanse 31512. Fakturamottakar er Stord kommune som ønskjer at du set ei betalingsfrist på 30 dagar, du finn meir informasjon på denne lenka.
Program:
Det opne programmet finn du på nettsida vår falturiltu.no. Skuleprogrammet blir publisert rett før festivalstart.

Det er sjølvsagt berre hyggeleg om du deler om og frå festivalen på sosiale media. Tagg gjerne Falturiltu.
Er det framleis noko du lurer på? Ta kontakt 🙂
 
Me håpar du får eit triveleg opphald – og gler oss til å ha deg på besøk!
Beste helsing Trond Onarheim, festivalleiar
Kontaktpersonar:

Generelle spørsmål/ turnéspørsmål:
Festivalleiar Trond Onarheim: 911 01 239
trond.onarheim@stord.kommune.no

Spørsmål om skulebesøk/ besøk på Stord bibliotek:
Bibliotekar Runa Nordahl: 908 61 760
runa.nordahl@stord.kommune.no

Spørsmål om reise til og frå festivalen:
Kultursjef Anne Lene Østvold Jordåen: 480 43 386
anne.lene.ostvold.jordaen@stord.kommune.no