SYMRE
Symre Raugbøl Bang frå Morgedal er ein ung artist med lune, overraskande og leikne tekstar. Musikalsk rørar SYMRE seg i eit smektande variert sjangerlandskap, med innslag av jazz, folketonar og pop.
Det siste albumet «Ikkje noko for meg» som kom ut i februar 2026 viser ein drivande dyktig låtpoet. Det er ikkje ei overrasking at SYMRE har fått NOPA-stipendet, som går til unge låtskrivarar som kjem til å prega norsk musikkliv framover. Me gler oss til å oppleva Symre for første gong på Stord under festivalen!