29. okt. – 7. nov. 2026
Ann Helen Kolås Ingebrigtsen. Foto: Caroline Odden Giske

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen

Les meir

Finn Erix. Foto: Stas Artister

Finn Erix

Les meir

Ruth Lillegraven. Foto: Ann-Sissel Holthe

Ruth Lillegraven

Les meir

TeARTig med Therese Nes og Gudrun Thomas

TeARTig

Les meir

Tilbake

Jens K. Styve

Jens K. Styve er ein teikneserieskapar frå ei lita bygd på Vestlandet, no busett i Tromsø. Etter å ha jobba med undergrunnsseriar i fleire år, så var han med på å grunnleggja Jippi forlag i 1997.

Styve er skaparen bak Dunce, som har vore ei dagleg stripeserie i Klassekampen og ei rekkje andre aviser. Serien blei tildelt Pondus-prisen i 2018 og Sproing-prisen i 2020, og Styve fekk Samlaget sin Blixprisen i 2022 for å gjera nynorsken synleg som bruksspråk på nye litterære arenaer.

Dunce sjonglerer kvardagsliv med filosofiske funderingar, teknologiske nyvinningar og smått absurde fantasibilde. Serien har med seg fleire element frå Styve sine kvardagar i Tromsø, med sonen Gustav og hunden Brego, men er ikkje sjølvbiografisk. Dunce er utgjeven på fleire språk, slik som fransk, spansk og engelsk.

Jens K. Styve kjem til Falturiltu for første gong, og du kan bli betre kjent med han i samtale med Øystein Runde.