1. – 8. november 2025
Agnes Ravatn. Foto: Line Omland Eilevstjønn

Agnes Ravatn

Les meir

Annlaug Børsheim. Foto: Per Finne

Annlaug Børsheim

Les meir

Ingrid Belt. Foto: TonjeRønvik

Ingrid Belt

Les meir

Kjersti Mjør. Foto: Arne Flatin

Kjersti Mjør

Les meir

Ruth Lillegraven. Foto: Ann-Sissel Holthe

Ruth Lillegraven

Les meir

Oddny fotografert i Bremanger 24.08.2024 av Charlotte Førde Skomsøy. Opphavsrettbeskytta.

Oddny

Les meir

Tilbake

Hilde Myklebust

Hilde Myklebust er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005 og etablerte seg for alvor blant dei fremste unge lyrikarane i Noreg med Søkk i 2008.

Felles for dikta til Myklebust er at naturen, og alt det som lever der, alltid er nærverande. I Søkk skapar forteljingar frå barndomen, brå minne, segner, overtru og folkeprat ein underliggjande straum av uro mot noko som blir til ei kald røynd. Ramma rundt dikta er forteljinga om ei ung kvinne som mister barnet sitt.

I 2009 gav Myklebust ut biletboka Jon og den lange julenatta, illustrert av Inger Lise Belsvik. I 2020 kom bildeboka Ylva og villgeitene, illustrert av Akin Duzakin. Ungdomsboka Splintra kom ut i 2022 og blei nominert til Brageprisen, til U-prisen og er valt ut som ein White Raven i 2023. Boka har fått ei rekke gode meldingar.

Myklebust har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland og har studert litteratur- og teatervitskap ved Universitetet i Bergen.