29. okt. – 7. nov. 2026
Ruth Lillegraven. Foto: Ann-Sissel Holthe

Ruth Lillegraven

Les meir

Annlaug Børsheim. Foto: Per Finne

Annlaug Børsheim

Les meir

Profilbilde Ingelin Røssland av fotograf Lars Myhren Holand

Ingelin Røssland

Les meir

TeARTig med Therese Nes og Gudrun Thomas

TeARTig

Les meir

TAUS. Foto: Aleksandra Suchkova

TAUS

Les meir

Tilbake

Arne Torget

Arne Torget er ein leiken og samfunnsengasjert diktar som kombinerer humor og alvor i eit språk nært folk.

Arne Torget er stuntpoet, rimsmed og forfattar frå Vestlandet, kjend for å dikte i farta og formidle med varme og glimt i auga.

Han har vore aktiv i over 30 år og har mellom anna imponert med dikt på direktesendt TV i Norske Talenter. Torget har gjeve ut fleire diktsamlingar, som Soldråpar (2011), Kanskje fuglane vett? (2022) og Pus (2023), alle på Kapabel Forlag.

Dikta hans spenner frå kvardagskomikk til samfunnskritikk, ofte med katten Pus som inspirasjonskjelde. Han er ein populær formidlar og har vore gjest i Linda Eides Språksjov. Med sin særeigne stil og nynorske penn er Torget ein poet som treff både hjartet og lattermuskelen.