1. – 8. november 2025
Agnes Ravatn. Foto: Line Omland Eilevstjønn

Agnes Ravatn

Les meir

Annlaug Børsheim. Foto: Per Finne

Annlaug Børsheim

Les meir

Ingrid Belt. Foto: TonjeRønvik

Ingrid Belt

Les meir

Kjersti Mjør. Foto: Arne Flatin

Kjersti Mjør

Les meir

Ruth Lillegraven. Foto: Ann-Sissel Holthe

Ruth Lillegraven

Les meir

Oddny fotografert i Bremanger 24.08.2024 av Charlotte Førde Skomsøy. Opphavsrettbeskytta.

Oddny

Les meir

Tilbake

Aina Basso

Festivalforfattar 2023

Aina Basso fekk i 2022 tildelt Samlagsprisen, der juryen påpeika at «Aina Basso utmerkar seg i samtidslitteraturen ved å skriva historiske romanar frå ståstaden til unge, utsette kvinner frå historia».

Basso er utdanna historikar, og sjølv om bøkene hennar legg vekt på å vera historisk korrekte, så står dei på eigne bein som drivande gode skjønnlitterære verk. For ungdomsromanen Inn i elden blei Basso nominert til Brageprisen, Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk råds pris.

Ho har dei seinare åra skrive bøker om heksejakt i Europa og korleis det var å vera eit uønska barn i Kristiania under hundreårsskiftet. Dei dødsdømde, som kom ut i 2022 blei òg nominert til Brageprisen i klassen sakprosa for barn og unge.

I 2023 er ho aktuell med novellesamlinga Eg rissa desse runene.