Finn Erix
Det velurkledde populærorkesteret kjem endeleg tilbake til Falturiltu – med jubileumsbasar og hemmelege gjester!
Med smittande utstråling og innøvde dansesteg gjer desse tre karane kvar låt dei trakterar til ein fest.
20 år er gått sidan dei stod på scena på Vossa Jazz med avbestillingsverket «Flesk», og publikum får enno ikkje nok av denne velkledde og vellydande trioen.
Finn Erix er: Finn Tokvam på fløyelsmjuk vokal og rytmeegg, Odd-Erik Lothe på hardtrøande stoveorgel, og Halvor Folgerø på fagott og lett fotarbeid.