1. – 8. november 2025
Agnes Ravatn. Foto: Line Omland Eilevstjønn

Agnes Ravatn

Les meir

Annlaug Børsheim. Foto: Per Finne

Annlaug Børsheim

Les meir

Ingrid Belt. Foto: TonjeRønvik

Ingrid Belt

Les meir

Kjersti Mjør. Foto: Arne Flatin

Kjersti Mjør

Les meir

Ruth Lillegraven. Foto: Ann-Sissel Holthe

Ruth Lillegraven

Les meir

Oddny fotografert i Bremanger 24.08.2024 av Charlotte Førde Skomsøy. Opphavsrettbeskytta.

Oddny

Les meir

Seminar 2021

Falturiltuseminaret er eit årleg seminar med fokus på formidling. Med samtidsaktuelle tema innan barne- og ungdomslitteratur er dette perfekt for lærarstudentar, bibliotekarar og andre formidlingsinteresserte.

Profilbilde av deltakarar på Falturiltuseminaret 2021.
Ruth Lillegraven, Ingvild Bræin, Sandra Kolstad og Terje Torkildsen.

PROGRAM

10:00 Registrering

10:20 OPNING

10:40 ÅRETS FESTIVALFORFATTAR: RUTH LILLEGRAVEN
Festivalforfattar Ruth Lillegraven kåserer rundt sitt eige forfattarskap

11:00 NYSKAPANDE NYNORSK FORMIDLING
Kulturtanken har gjeve sju «gullbillettar» til ulike formidlingsprosjekt som skal ut i Den kulturelle skulesekken. Kva kjenneteikn har ei god formidling, korleis har utøvarane jobba med å utvikla prosjekta, og korleis kan ein få fleire gode produksjonar på nynorsk? Redaktør i Framtida.no og Pirion, Svein Olav Langåker har invitert inn juryleiar Øyvind Sunde Høstaker frå Vestland fylkeskommune og to av gullbillett-vinnarane: Martine Grande og Sandra Kolstad.

11:45 – 12:40 Lunsj

12:40 INN I NATUREN
Høgskulelektor Ahmed Akef Khateeb forskar på naturframstillingar i litteratur for barn og unge. Med utgangspunkt i sitt eige doktorgradsarbeid, tek Khateeb oss med på ei lita populærvitskapleg innføring om emnet med innlegget «Landskap i barnelitteraturen»

13:00 INN I DET GRØNE
Høgskulelektor Ahmed Akef Khateeb samtalar med Ruth Lillegraven og Terje Torkildsen med utgangspunkt i bokseriane Klodeklubben og Dystopia om korleis naturen og miljøtematikken kjem til uttrykk, og korleis mottakinga av bøkene har vore.

13:45 – 14:00 Kaffipause

14:00 HAR ALVORET TATT BARNELITTERATUREN?
Kvar blir det av dei morosame barnebøkene som opnar både fantasien og gapskratten? Stadig fleire barnebøker handlar om alvorlege tema og ferdige forteljarrammer. Må pedagogikk og moral vera like mykje til stades i det skjønnlitterære som i læreplanverket? Kritikar Guri Fjeldberg meiner mykje av barnelitteraturen som blir gitt ut har som mål å gjera lesaren til betre menneske, men vil «helst unngå at barnelitteraturen ender som en flaske tran med fristende fruktsmak». Barnebokkritikk.no tek opp tråden frå Fjeldberg og på scena samtalar Otto Ersland frå Kapabel forlag, forfattar Ingelin Røssland, litteraturformidlar Janne Karin Støylen og Ingvild Bræin – redaktør i Barnebokkritikk.no/ kritikar i Dag og tid. Moderator for samtalen er kritikar Jostein Ryen.

15:00 Slutt for dagen