2. – 9. november 2024
Profilfoto Linda Eide av Tore Zakariassen.

Linda Eide

Les meir

Profilfoto Sjur Hjeltnes av Hanne Cathrin Olsen.

Sjur Hjeltnes

Les meir

Portrett Anja Dahle Øverbye av fotograf Thomas Ekstrøm

Anja Dahle Øverbye

Les meir

Program 2011

Verdas einaste festival for nynorsk barne- og ungdomslitteratur fyller fem år i år.

Søndag 6. november

16.00: Falturiltufest
Opning av Falturiltu ved ordførarar Liv Kari Eskeland.
Utdeling av Falturiltuprisen 2011 til Ingelin Røssland.
Opning av utstilling og festival.
Heidi Marie Vestrheim og Roy Ole Førland framfører “Knølkvalen Kai” – ei musikalsk og morosam førestilling. Ingelin Røssland og Atle Hansen les frå “Trøysteboka”, musikalsk innslag ved rockebandet Evolver.

Måndag 7. november

08.30-14.00: Skuleopplesingar

10:00: Høgtlesingsstund i barnehagar

09.30, 10.30 og 11.30: Far og son  på biblioteket.
Per Olav og Roald Kaldestad les frå kvart sitt forfattarskap og snakkar om korleis dei opplever å vera to forfattarar i same familie.

17.00: Blåmanndag
Bursdagsfest for Blåmann 10 år, og Falturiltu, 5 år. Gratis kake og saft. Roald Kaldestad les frå Heavykatten og spelar gitar!

9.00: Måndagsklubben
Ingelin Røssland les for deltakarane på fritidsklubben for utviklingshemma på kultursenteret i Kulturhuset.

19.00: Få meg på for faen
Sogn og Fjordane teater med teaterversjonen av romanen til Olaug Nilssen.

Tysdag 8. november

08.30-14.00: Skuleopplesingar

09.00, 10.00 og 11.00: Drakedag på Sunnhordland museum.
Asbjørn Rydland les frå bøkene om Drakeguten, og HSH-studentar har workshop med drakar som tema. Museet fortel om drakar frå kulturhistoria.

09.30 og 11.30: Sov søtt, herr Spiss.
Teaterstykke basert på barneboka til Erna Osland, med workshop etterpå i store Kinosalen på Stord kulturhus. Workshopen er for førehandspåmelde. Passar for born i alderen frå 3-9 år.

12.15: Musikklunsj på HSH Rommetveit
Tekstar som er tøffe i trynet.
Musikkstudentar framfører eigenkomponerte låtar til tekstar frå nynorskforfattarar.

15.00: Utstilling – illustrasjon på HSH i Vrimlearealet.
Kunst- og handverksstudentar ved HSH har laga illustrasjonar til bøkene til Ingelin Røssland. Denne utstillinga vil stå resten av veka.

17.30: Trøystestund
Arnt Birkedal og Solfrid Sivertsen les frå Trøysteboka. Kulturinnslag frå elevar ved kulturskulen.

18.00: Fotballfest på Vikahaugane
Lars Mæhle og Atle Berge les frå bøkene sine på Vikahaugane. Det blir fotballkonkurranse med flotte bokpremiar.

Onsdag 9. november

08.30-14.00: Skuleopplesingar

17.30: Diktstund
Hilde Myklebust og Anne Karin Fonneland les frå boka “Sølvbåt og stjernevind” i kunsthallen på Stord kulturhus. Kulturinnslag frå elevar ved kulturskulen.

19.00: Mitt bankande hjarte
Kunsthallen på Stord kulturhus: Alf Kjetil Walgermo les frå den nye boka med same namn, og samtalar med Anne Nesse Belt, som har fått nytt hjarte som lita. Line Marie Hansen frå Forening for hjertesyke barn fortel korleis det er å leve med hjartefeil. Musikkinnslag ved Trio Vest.

19.00: Onsdagsklubben
Ingelin Røssland les for deltakarane på fritidsklubben for utviklingshemma påkultursenteret i Kulturhuset.

20.00: Monstertanta
Aulaen på HSH: Studentar ved HSH har laga ein opera basert på boka ”Monstertanta”, av Ingelin Røssland.

Torsdag 10. november

08.30-14.00: Skuleopplesingar
på skular og bibliotek.

18.00: Kulturskulekonsert
Elevar frå Kulturskulen i Kulturhuset, kunsthallen: Song, musikk, drama. Opplesing ved Ingelin Røssland.

19.00: Rockekonsert
Ungdomar spelar på Litlabø ungdomsklubb og Ingelin Røssland les.

19.00: Samlaget presenterer nye bøker for born- og unge
Alle som er interesserte i bøker er velkomen! Jobbar du med born og unge, er det flott høve til å skaffe seg siste nytt om dei nye bøkene som Samlaget har gitt ut.

20.00: Quiz på Arena
Erlend Flornes Skaret (debutant), Svein Tarald Framnes (debutant) og Ingelin Røssland underheld med opplesing og litteraturspørsmål. Bokpremiar!

Fredag 11. november

08.30-14.00: Skuleopplesing
på skular og bibliotek.

12.00: Bok og beibi
Bokkafé for dei yngste og foreldra deira, med Ingrid Stenersen og Erle Stokke på Bruchetta på Bytunet

09.00-15.00: Seminar på Høgskulen
Tøff i trynet – litteratur og leselyst for ungdom (sjå fullstendig program i menyen øvst på sida).
Innleiarar: Ingelin Røssland (forfattar) om eige forfattarskap, Øystein Rosse (omsetjar) om kriminalbøkene til Robert Muchamore, Janne Karin Støylen (litteraturformidlar) om nye og sterke ungdomsbøker på nynorsk, Sissel Høisæter (høgskulelektor) om fagbøker for ungdom.

Målgruppe: Lærarar på ungdomstrinnet og mellomtrinnet, bibliotekarar, og alle andre som er interesserte i temaet

Omtale:
På dette seminaret får du inspirasjon og påfyll til å driva litteraturformidling for ungdom. Du får møta festivalforfattaren Ingelin Røssland, som skriv spennande og engasjerande for ungdom, som sjølv er ung, og som har stor appell til ungdom. Sjølv dei gutane som aldri frivillig opnar ei bok stod i kø framfor skulebiblioteket etter å ha møtt Ingelin Røssland, rapporterte ein ungdomsskulelærar.

Robert Muchamore skriv tøff og spennande kriminalbøker med ungar i 12-årsalderen som heltar. Han har stor suksess i heimlandet England med den såkalla CHERUB-serien, og bøkene hans er omsett til mange språk. Øystein Rosse set dei om til norsk, og vil fortelja om bøkene om omsetjingane.

Janne Karin Støylen arbeider ved Høgskulen i Volda og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Ho les alt som kjem ut av barne- og ungdomslitteratur på nynorsk, og er ein eineståande dyktig formidlar. Ho kjem med mange gode litteraturtips som kan inspirera ungdom til å lesa meir, og lika det.

Mange unge føretrekkjer gjerne å lesa fagbøker framfor skjønnlitteratur. Høgskulelektor Sissel Høisæter arbeider ved Høgskolen Stord/Haugesund, og sit i sakprosautvalet til Norsk Kulturråd. Her les og vurderer mykje av det som kjem ut av sakprosa i Noreg for innkjøp til biblioteka, og er ein god vegvisar i eit landskap som kan verka uoversiktleg for mange lærarar og formidlarar.

20:00: Raltura
Fest med musikk og litteratur for vaksne.