Om Falturiltu
Falturiltu er verdas største nynorske litteraturfestival for barn og ungdom.
100 arrangement i 10 kommunar i veke 45.
Falturiltu skal synleggjera statusen til nynorsk barne- og ungdomslitteratur, løfta fram kreativ og nyskapande formidling og skapa ein unik festival som set regionen på kartet. I løpet av ei veke blir barn og ungdom i alle aldrar aktive deltakarar. Festivalen si målsetjing er at alle skal kjenna seg inkludert og få ei auka identitetskjensle og leseglede av å vera med på Falturiltu. Festivalen legg opp eit ulikt program kvart år som tek utgangspunkt i ein raud tråd og tematikk knyta til ein festivalforfattar.
Sidan 2007 har Falturiltu vakse frå å vera ein lokal litteraturfest til å bli ein litteraturarena med nasjonalt omfang av faglege og kunstnarlege utøvarar. Med over 100 arrangement og 60 samarbeidspartnarar viser festivalen ei ambisiøs satsing på kvalitetssterk litteraturformidling for barn og unge.
Kunstnarråd

Camilla Kuhn
Camilla Kuhn er illustratør, forfattar og er programsjef for barn og ungdom på Litteraturhuset i Oslo.

Steffen R. M. Sørum
Steffen Sørum er forfattar, aktiv samfunnsdebattant og er fagleiar for forfatterutdanninga ved Norsk barnebokinstitutt.
Programråd

Trond L. Onarheim
Trond Onarheim er festivalleiar og kulturrådgjevar i Stord kommune.

Siv Pettersen
Siv Pettersen er lærar ved Nysæter ungdomsskule, bokentusiast og styremedlem i Stord mållag.

Camilla Ruhs
Camilla Ruhs er barnebibliotekar og bokheks på Stord folkebibliotek.

Marco Thomas
Marco Thomas er teaterpedagog, coach, skodespelar og regissør bak TeARTig.
Seminarråd

Hannah Belsvik Hansen
Hannah Belsvik Hansen er høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Stord.

Svein Olav Langåker
Svein Olav Langåker er redaktør i Framtida Junior og dagleg leiar for LNK (Landssamanslutninga av nynorskkommunar), som driv Framtida.no.

Trond L. Onarheim
Trond Onarheim er festivalleiar og kulturrådgjevar i Stord kommune.
Kven er Falturiltu?
Festivalen er eigd av Stord kommune og får driftsstøtte av Vestland fylkeskommune. Falturiltu har til no fått tilskot av Norsk Kulturråd, Sparebanken Vest, Bergesenstiftelsen, Høgskulen på Vestlandet, SKL, Haugaland kraft, Samlaget, NBU, Norsk forfattersentrum, Fritt Ord og Nasjonalbiblioteket.
Programrådet er ansvarlege for utforminga av festivalprogrammet og har sekretariatet sitt i Stord kulturhus. Falturiltu sitt kunstnarråd er fagleg støtte og bidrar med nettverk og programerfaringar.
Kontaktperson: Festivalleiar Trond Onarheim (trond.onarheim@stord.kommune.no).
Festivalen samarbeider med mange aktørar i heile Vestlandsregionen, blant anna: Førdefestivalen, Vossa Jazz, Barnas turlag DNT, Stord kulturskule, Stord vidaregåande skule, Fitjar vidaregåande skule, Sunnhordland Museum, Høgskulen på Vestlandet, Biblioteka i Sunnhordland, Bømlo kommune, Nynorsksenteret, Foreningen !Les, Leser søker bok, Barnebokkritikk.no, Kulturskrinet Karmøy, Haugesund folkebibliotek, Vindafjord folkebibliotek, Nordisk barnebokkonferanse, Bømlo kommune, LNK, Pirion, Framtida.no og Framtida junior, SILK, bLEST, Stord Mållag, Spinae Company, Kulturbygda Valestrand, Øyo-biblioteket, Kvinnherad fritidsklubb, Harri fritidsklubb, Stord jazzklubb, Nynorsk kultursentrum, Stord hestesportsenter, Solid IL, Trott IL, Stord IL, Skag design, Kalleberg trykkeri, Print og Ramme, Åtgaum, Arena scene, Kværner industrimuseum, Venelaget for Gruo på Litlabø, Sunnhordland kraftlag med fleire.


Historia bak Falturiltu
Falturiltu blei grunnlagt i 2007 av forfattarane Per Olav Kaldestad, Hegla Gunerius Eriksen og Atle Hansen i samarbeid med Stord kommune som er eigar av festivalen.
Målsetjinga var å visa fram den rike og varierte nynorske barne- og ungdomslitteraturen. Frå byrjinga av har dette vore ein festival der formidlinga er i hovudfokus, og ein har nytta mange kreative arenaer og idéar for å nå ut til
stadig nye målgrupper.
Over 220 ulike forfattarar, illustratørar, faglege og kunstnarlege gjester har vore med på festivalen i løpet av åra.
Tidlegare medlemmar i Falturiltu sitt programråd er Helga G. Eriksen, Anna R. Folkestad, Atle Hansen, Jane Jünger, Per Olav Kaldestad, Roald Kaldestad (festivalleiar), Hege Myklebust (festivalleiar) og Kristine Thorkildsen (festivalleiar).
Kva er greia med den kråka?
Falturiltu har henta namnet sitt frå ei tradisjonell folkevise kjent som «Kråkevisa». Denne ballada frå middelalderen handlar om ein mann som møter ei enorm kråke ute i skogen. Kråka sitt møte med mannen blir skjebnesvangert for det store dyret. Sjølv om teksten inneheld ganske sterke bilder så har den blitt ein av Noregs mest kjente barneviser.
Ein av Falturiltu sine festivalforfattarar – Einar Økland – skildrar det slik: «Ei mange hundre år gammal folkevise, rik på bisarre overdrivingar, jamvel med blasfemiske innslag, på kanten av å vere fyllerør, som den er. I alle høve er ikkje dette noko for barn som tar allting alvorleg, også skjemt. Då eg for nokre år sidan blei heidra som årets festivalforfattar, hadde eg tenkt å minne samtlege frammøtte om dette. Og så hadde eg tenkt å vise dei eit forsonande døme på at det heile var heilt i orden likevel.»


Festivalprofil
Falturiltu sin noverande logo er designa av Øystein Vidnes. Designbyrået Tada står bak profil og nettside.
Profilen til festivalen har utgangspunkt i den originale idéen til Gerhard Stoltz som laga den første logoen til festivalen i 2007. Til Falturiltu sitt 10-årsjubileum i 2016 blei den på nytt utforma av Anna R. Folkestad, før den noverande utgåva kom på plass i 2019.