Framsyningar 2023
Kjære samarbeidsbibliotek!
Her er ei oversikt på forfattarar og framsyningar som er aktuelle under Falturiltu 4. – 10. november. Aina Basso er årets festivalforfattar og har valt ut den raude tråden FAKTISK og POETISK, det vil difor bli ekstra fokus på sakprosa og poetiske tekstar.
Falturiltu leverer formidlarane på døra og dekker 30% av kostnad for skuleframsyningar og 50% av kostnad for opne framsyningar – altså gode grunner for å laga fleire kjekke arrangement under festivalen. I tillegg vil Epos turnéra i samarbeid med Falturiltu, omfanget der vil vera litt avhengig av støtta me frå Fritt Ord.
Falturiltuseminaret er i år lagt til fredag 10. november, som er planleggingsdag for skulane, me håpar difor at mange av dykk vil ta turen dit. Her får de ein eigen seminarpris som samarbeidspartnar – programmet er ikkje heilt klart, men er tilgjengeleg for dykk på denne sida.
Bokbad på mellomtrinnet eller ungdomsskulen?: Svein Olav Langåker er redaktør i Framtida Junior og har erfaring med å læra elevar om korleis ein kan gjera bokbad – han kjem gjerne på besøk til skular rundt omkring i samarbeid med biblioteka.

«Oppdrag romvesen»
Oppdrag Romvesen er eit spennande og morosamt lyddrama for barn. På Falturiltu blir denne digitale lydboka gjort live på scena! Historia er skriven og blir framført av Ingunn Thon og Christian Wiik Gjerde, som er kjende frå NRK Super.
Passar for dei eldste i barnehage og 1. – 3. trinn.
Tilgjengeleg 8. – 10. november

Unni Vik
Unni Vik er forskar og underviser i naturfag på barnehagelærarutdanninga ved OsloMet. Unni kjem med formidling basert på boka Kan bakteriar bæsje? Her blir ein betre kjent med bakteriane sitt spennande liv og kva dei betyr for helsa vår og for naturen rundt oss.
Passar for dei eldste i barnehage og 1. og 2. trinn.

Lisbeth Dreyer og Per Ragnar Møkleby
Lisbeth Dreyer er forfattar, fotograf og filmskapar frå Bergen. Ho har mellom anna laga dokumentarbøker, barnebøker og kortfilmar. Ragnar Møkleby er illustratør og grafiker, og har sidan 1998 illustrert både bøker, aviser og blad, og vunne Kritikarprisen og Kulturdepartementet sin bildebokpris. Desse to kjem med til Falturiltu med ei formidling basert på boka Gjermund Gjerdesmett som viser heilt vanlege fuglar med heilt vanlege fugleliv i Noreg.
Passar for 1. – 4. trinn
Tilgjengeleg 5. – 9. november

Hilde Myklebust
Hilde Myklebust er frå Syltedalen på Sunnmøre og har gjeve ut fleire bøker for barn og ungdom. Til Falturiltu kjem ho med to formidlingar – Ylva og villgeitene og Splintra. Ylva og villgeitene er laga saman med illustratør Akin Duzakin og er ei varm fortelling om ei jente sitt heltemot og om å vera gald i naturen. Splintra skildrar alt som kan røra seg av tankar og kjensler i ein ungdomsgjeng som står i steget mellom ungdomsskulen og vidaregåande.
Ylva og villgeitene passar for 1. – 4. trinn
Splintra passar for 9. – 10. trinn.

Erna Osland
Erna Osland er opprinneleg frå Høyanger og har sidan 1987 skrive ei rekkje bøker for barn, ungdom og vaksne. Osland sine bøker inneheld alt frå det poetiske til det faktiske, og til Falturiltu denne gong kjem ho med formidling frå boka Spring! Den handlar om Arild som er redd for å lesa høgt på skulen, og om venskap mellom barn og eldre.
Passar for 3. – 5. trinn og besteforeldre(!)

Ørjan Zazzera Johansen
Ørjan har skrive om ein av Norgs mest kjente personar i boka Historia om Erling Braut Haaland. Ørjan formidlar historia om Haaland på storskjem samstundes som han har aktiv dialog med publikummet sitt. Han har testa dette ut frå tredje til tiande klasse, og det viser seg at Haaland er attraktiv for dei fleste!
Passar for 3. – 10. trinn
Tilgjengeleg 7. – 9. november

Ingunn Thon
Ingunn Thon er kjent frå NRK Super og Barne-TV. Thon debuterte med barneboka Ollis i 2017 som ho blei nominert til Arks barnebokpris for. Full bajas er den andre boka hennar. Den handlar om Orion Sigerstad som har vore perfekt heilt til han ein dag plutseleg ikkje er det lenger. Han skjønar ikkje sjølv kva det er som skjer, men alt han gjer blir feil. Han brølar til foreldra når han skal seia god morgon, kastar ball i ansiktet på gymlæraren og spelar ikkje ein einaste riktig tone i musikktimen. Kva går det av han? Og er det mogleg å fiksa?
Passar for 4. – 5. trinn.
Tilgjengeleg 8. – 10. november

Thoralf Fagertun
Thoralf Fagertun kjem frå Meløy i Nordland og jobbar med forskingsformidling. Han er utdanna litteraturvitar og har gått forfattarutdanninga ved NBI. Familien Gnork er ei sprø og munter forteljing om venskap, fiendskap, edderkoppjakt, flygande krokodillar og heimelaga medisin med utrulege biverknader. Og fotball, sjølvsagt. Boka er rikt illustrert av Line Halsnes.
Passar for 5. – 7. trinn.
Tilgjengeleg 6. – 10. november.

Aina Basso – festivalforfattar 2023
Basso er utdanna historikar, og sjølv om bøkene hennar legg vekt på å vera historisk korrekte, så står dei på eigne bein som drivande gode skjønnlitterære verk. For ungdomsromanen Inn i elden blei Basso nominert til Brageprisen, Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk råds pris.
Aina er årets festivalforfattar og vil opptre med ulike prosjekt:
-Framsyninga Heksejakt saman med cellist Katrine Schiøtt 5. og 6. november. Heksejakt tek for seg ulike fortellingar om hekser som blir dømt for trolldom, både frå fortida og vår eiga samtid. Aina fortel engasjerande om jakta på hekser og trekker inn heksa si rolle i dagens populærkultur, til dømes Harry Potter.
Passar for 5. og 6. trinn.
–Dei dødsdømde. Basso si bok diskuterer dødsstraff både på det politiske, filosofiske og moralske planet, men på eit nivå som er tilpassa 6. og 7. trinn. Formidlinga tek for seg mange historiske fakta rundt dødsstraff i Norge og elles i verda.
Passar for 5. – 7. trinn
Tilgjengeleg 8./9. november.

Bår Stenvik
Bår Stenvik er journalist og har gjeve ut fleire prisvinnande bøker. Med barneboka Ti utrulege oppfinningar så ser han på kva atombomba, antibiotika og like-knappen har til felles. Desse og fleire andre oppfinningar forandra verda og den blei aldri heilt det same igjen. Bår snakkar engasjerande om kor oppfinningane kjem frå og kan enten ha ei rein formidling eller i kombinasjon med musikk som han lagar via ein loopstation undervegs i framsyninga.
Passar for 5. – 7. trinn

Åshild Moldskred
Åshild Moldskred har gjeve ut bøkene Mørketid og Berre hopp! Til Falturiltu kjem ho med den nye boka Trollmoll som handlar om Birk og mora som flyttar frå byen til morfaren som bur på ei forblåst vestlandsøy. Birk saknar kompisane sine og gruer seg til eit kjedeleg liv på landet. Men snart begynner mystiske ting å skje. Trollmoll er ei sjarmerande og nifs forteljing med varme karakterar og iskalde spøkelse.
Passar for 5. – 7. trinn

Peter Strassegger
Aktuell med Kvil i fred og Aleksander den store – bøker som handlar om vald, rus og utanforskap blant unge gutar. Held føredrag for ungdomsskular eller stiller på bokbad, og har veldig sans for «Barnebokbad-modellen» der elevar les boka og intervjuar forfattaren.
Passar for 8. – 10. trinn
Tilgjengeleg 6. – 7. november

Zakiya Ajmi
Zakiya Ajmi kjem frå Danmark og står bak ungdomsboka Vulkan som kom ut på Samlaget i 2022 (omsett av Runa Kvalsund). Vulkan fortel om Anna og hennar oppvekst i ein storby der der ikkje alltid er lett å navigera som ungdom i høve grenser og identitet. Ajmi er utdanna frå Forfattarskulen for barnelitteratur København og er vald til ‘Den unge kunstnariske elite’ av Statens Kunstfond.
Passar for 9. og 10. trinn.
Tilgjengeleg 5. og 6. november.

Asbjørn Rydland
Asbjørn Rydland kjem frå Seim i Hordaland og bur i Oslo. Han vart tildelt både Nynorsk barnebokpris og Fabelprisen for serien om Drakeguten i 2012. For fantasyromanen Galderstjerna vann han Uprisen i 2017. Rydland er aktuell med boka Terra Victoris som tek for seg frykta rundt AI/ kunstig intelligens, og reiser spørsmål rundt om det er menneska som kontrollerer teknologien eller om det er motsett. I formidlingsopplegget snakkar Asbjørn med elevane om robotar og kunstig intelligens, og om korleis desse har blitt oppfatta gjennom historien. Samtalen går og inn på korleis fiksjon og verkelegheit påverkar kvarandre.
Passar for ungdomstrinnet, spesielt 9. og 10. trinn.