
JUBELBLUES med Good Time Charlie
Good Time Charlie slepp sitt fjerde album under Falturiltu i samarbeid med Stord Jazzklubb.
Med familiekonseptet Jubelblues har Good Time Charlie truffe innertiar i det å spele blues for barn i alle aldrar. Jubelblues er gøy for små og store. Her kan alle delta – det handlar om å få brukt spontaniteten sin på ein god og leikande måte.
Her får du høyre melodiar om mamma som blei russebussjåfør, om å vera køsprø, og bli gul og blå med gips frå frå topp til tå.
Musikken er energisk r’n’b i kjent Good Time Charlie-stil. Tekstane er på Vestlandsdialekt og songane er lette å synga med på.
Ta med heile familien, her blir det garantert mykje humor, ville sprell på bluesgitar og fri fantasi!