1. – 9. november 2024
Marianne Gretteberg Engedal (sjølvportrett med katt)

Marianne Gretteberg Engedal

Les meir

Ida Neverdahl. Foto: Gry Dahl

Ida Neverdahl

Les meir

Ruth Lillegraven. Foto: Ann-Sissel Holthe

Ruth Lillegraven

Les meir

Profilbilde Bjørn Sortland av Thor Brødreskift

Bjørn Sortland

Les meir

Portrettfoto Maria Parr av fotograf Julia Maria Naglestad.

Maria Parr

Les meir

Marit Eikemo. Foto: Agnete Brun

Marit Eikemo

Les meir

Portrettfoto Hans Sande av Kari M. Svanberg

Hans Sande

Les meir

Portrettfoto Frode Grytten av fotograf Helge Skodvin

Frode Grytten

Les meir

Åshild Irgens. Foto: Privat

Åshild Irgens

Les meir

Profilfoto Linda Eide av Tore Zakariassen.

Linda Eide

Les meir

Linn Isabel Eielsen. Foto: Privat

Linn Isabel Eielsen

Les meir

TeARTig med Therese Nes og Gudrun Thomas

TeARTig

Les meir

Portrettfoto av Anders Totland. Privat foto.

Anders Totland

Les meir

Profilfoto Sjur Hjeltnes av Hanne Cathrin Olsen.

Sjur Hjeltnes

Les meir

Bandet TØFL. Foto: Stageway

TØFL

Les meir

Tilbake

Stjernekveld: Eikemo, Grytten, Lillegraven og Parr

Stjernekveld: Eikemo, Grytten, Lillegraven og Parr Falturiltu og Stord mållag inviterer til ein stjernekveld med fire av dei store innan nynorsk samtidslitteratur, Marit Eikemo, Frode Grytten, Maria Parr og Ruth.

Marit Eikemo og Frode Grytten er to av våre mest folkekjære forfattarar, med mykje til felles, i tillegg til at begge kjem frå mytiske og mystiske Odda. Begge skriv nært og varmt om kvardagen, men gjerne med humor og snert.

Gjennom enkeltlagnader seier dei ofte noko om samfunnet og tida vi lever i. Dei nyaste bøkene deira, Eikemo si «Vi er brødrene Eikemo» og Grytten si «Den dagen Nils Vik døde», har både fått strålande omtalar og kome på bestseljarlistene. Kva gjer at historier frå fjorden og industribygdene fengjer over heile landet? Denne kvelden møtes Marit Eikemo og Frode Grytten til drøs om dette – og om kvarandre sine forfattarskap.

Maria Parr frå Vanylven debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og har sidan blitt rekna som ein av våre mest sentrale barnebokforfattarar, både kritikarrost og folkekjær. Parr er ein kresen forfattar som tek seg god tid til kvar bok, og aldri skuffar. Det store gjennombrotet kom med Tonje Glimmerdal i 2009, ei bok som mellom anna vart sett opp som teaterstykke på Det Norske Teatret. I fjor kom så Oskar og eg. For denne boka fekk Parr både Bragepisen og Nynorsk barnelitteraturpris for tredje gong, og ho er dessutan nominert til den prestisjetunge Nordisk råds barnelitteraturpris.

Ruth Lillegraven gav ut si første bok i 2005, og har sjølv skrive ei rekkje barnebøker. Ho er no del av Falturiltu sitt programråd, og denne kvelden er ho først og fremst med for å lokke løyndommar ut av Maria Parr. For kvar hentar Maria desse fantastiske forteljingane frå? Kva driv henne? Kva er hennar litterære metode? Kva trur ho sjølv det er med bøkene hennar som har slik appell?