1. – 8. november 2025
Agnes Ravatn. Foto: Line Omland Eilevstjønn

Agnes Ravatn

Les meir

Ruth Lillegraven. Foto: Ann-Sissel Holthe

Ruth Lillegraven

Les meir

Annlaug Børsheim. Foto: Per Finne

Annlaug Børsheim

Les meir

Halvor Folgerø

Les meir

Ingrid Belt. Foto: TonjeRønvik

Ingrid Belt

Les meir

Kjersti Mjør. Foto: Arne Flatin

Kjersti Mjør

Les meir

Oddny fotografert i Bremanger 24.08.2024 av Charlotte Førde Skomsøy. Opphavsrettbeskytta.

Oddny

Les meir

Stein Torleif Bjella. Foto: Agnete Brun

Stein Torleif Bjella

Les meir

Tilbake
Heilhusfestival

Stein Torleif Bjella

HEILHUSFESTIVAL 6.-8. NOVEMBER. FESTIVALPASS I SALG NO. 18-ÅRS ALDERSGRENSE.

Sjølvaste Stein Torleif Bjella kjem til Falturiltu! Gjennom fleire tiår har Bjella levert musikk som treff både hjarte og hjerne, med ein heilt unik evne til å formidla livets små og store mysterium. Med melankolske tonar, sylskarpe tekstar og eit glimt i auget, har han vorte ein av dei mest folkekjære artistane i Noreg.

Med røtene godt planta i Øvre Ål, er Bjella ein meister i å skapa musikk som speglar kvardagslivet i bygdenoreg – fullt av humor, alvor og varme. Låtar som «Heidersmenn,» «Psykisk kan du vera sjøl,» og «Tilbake i det blå» har gjort han til ein skatta historieforteljar for fleire generasjonar. Gjennom album som Heim for å døy og Gode liv har han teke oss med på ei musikalsk reise fylt av nostalgi, lengt og livserfaring.

Bjella tek med seg sitt strålande band til Stord, og me kan lova ein kveld som sit i sjela lenge etter siste tone har stilna. Med eit lydbilete der både det akustiske og det elektriske får plass, vil Bjella skapa ein stemning du seint vil gløyma.