
SOLA OG MÅNEN – familieframsyning med gruppa TeARTig
Månen som ville lyse som ei sol.
Når sola skin er alle glade. Dei dansar og ler, og spring mot kvarandre.
Når månen kjem fram blir det stilt og kaldt, verda blir trøtt og sovner.
Månen kunne ønske at ho var meir som sola.
Ho strever med å godta seg sjølv, særleg når den strålande sola kaller ho liten og grå.
Ein kveld kjem ikkje månen fram på himlen. Sola må få månen tilbake!
Eit stykke om å væra annleis og godta seg sjølv slik ein er.
Om å seire over sjalusi og sjå sin eigen verdi.
Stykket er basert på boka «Månen som ville lyse som ei sol» av Elin Grimstad.
Familieførestilling som passar for barn frå 4 år.
Utøvarar: Therese Nes og Gudrun Thomas frå teatergruppa TeARTig.