
Slagersong og svartmetall – nynorske musikkperler
Kva har Nora Brockstedt, Lillebjørn Nilsen, Ivar Medaas, Dizzie Tunes, Noregs Punklag, Darkthrone, Gåte og Odd Nordstoga til felles? Dei har alle gitt ut musikk på nynorsk!
Forfattar og musikkentusiast Arild Torvund Olsen tek oss med på ei levande reise gjennom dei første 80 åra med nynorsk populærmusikk.
Det blir hyggeleg drøs og lytting saman med gjestene Selma Lønning Aarø, Roald Kaldestad og Endre Olsen – krydra med gode anekdotar og historier frå musikkhistoria.