
KAN BAKTERIAR BÆSJE? med Unni Vik
Bli med på Falturiltu sin minifestival på Haugesund bibliotek!
Unni Vik fortel underlege fakta om dei aller minste organismane på jorda.
Forfattar Unni Vik har skrive boka «Kan bakteriar bæsje?» som tek for seg dei gode og dårlege sidene ved bakteriar.
Unni Vik er forskar og underviser i naturfag på barnehagelærarutdanninga ved OsloMet.
Her blir ein betre kjent med bakteriane sitt spennande liv og kva dei betyr for helsa vår og for naturen rundt oss.
Passar spesielt godt for dei mellom 4-7 år