
JENNY FENDER LAGAR LEVEN med Heidi Marie Vestrheim og Brit Aksnes
Heidi Marie Vestrheim kjem til Falturiltu for å lesa, synga og fortelja frå debutboka si Jenny Fender!
Ei konsert-og-forteljingstund om rock, venskap og kjærleik!
Heidi Marie har med seg medmusikant Brit Aksnes. Saman tar dei publikum med seg gjennom deler av dramatikken Jenny Fender opplever i løpet av ein sommar, der både vennskap, spelejobb og nye kjensler står på spel.
Jenny Fender handlar om 12 år gamle Jenny som bur i ei lita bygd på Vestlandet. Ho drøymer om å bli rockestjerne og reise på verdensturné med rockebandet sitt Nabovarsel. Men korleis skal ho klare det når bestevenninna og bandkollega, Signe, har flytta? Kan den kule jenta som har busett seg i nabohuset vera redninga?
Musikar og forfattar Heidi Marie Vestrheim er kjent frå blant anna Hei Kalas, NRK og vert for Nordic Slamfest.
Brit Aksnes har fartstid frå blant anna Microbandet, Bygdalarm og Vossa Jazz.