
Å, SIGNA NATT – Ine og Edvard Hoem
Far og dotter Hoem har opplevd stor framgang på kvar sine felt. Edvard Hoem har gleda lesarar over heile Noreg gjennom fleire generasjonar, blant anna med bøkene om forfedrane hans som utvandra til Amerika, og Ine Hoem har på si side gjort stor suksess med smakfull og melodiøs visepop.
Ine har tonesett nokre av Edvard sine tekstar, og spelar både desse og eigne songar. Edvard les utdrag frå dei mest kjente romanane sine. Dette samspelet mellom far og dotter bør opplevast – her blir det humor og alvor blanda med smektande tonar.
I samarbeid med produsent Markus Lillehaug Johnsen og nokre fantastiske improviserande musikarar, har Ine skapt eit unikt univers i møte mellom visepop, jazz og salmar, og Edvard sine tekstar.
Edvard Hoem – forteller
Ine Hoem – vokal
Andreas Ulvo – piano
I samarbeid med Stord mållag og Stord sokneråd