1. – 8. november 2025
Agnes Ravatn. Foto: Line Omland Eilevstjønn

Agnes Ravatn

Les meir

Ruth Lillegraven. Foto: Ann-Sissel Holthe

Ruth Lillegraven

Les meir

Annlaug Børsheim. Foto: Per Finne

Annlaug Børsheim

Les meir

Halvor Folgerø

Les meir

Ingrid Belt. Foto: TonjeRønvik

Ingrid Belt

Les meir

Kjersti Mjør. Foto: Arne Flatin

Kjersti Mjør

Les meir

Oddny fotografert i Bremanger 24.08.2024 av Charlotte Førde Skomsøy. Opphavsrettbeskytta.

Oddny

Les meir

Stein Torleif Bjella. Foto: Agnete Brun

Stein Torleif Bjella

Les meir

Tilbake

Fire stemmer, ei fele og ein gitar

HEILHUSFESTIVAL 6.-8. NOVEMBER. FESTIVALPASS I SALG NO. 18-ÅRS ALDERSGRENSE.

Forfattarane Agnes Ravatn og Ruth Lillegraven har begge flytta heim – Agnes til Sveio, Ruth til Granvin. Og latt storbystøv og støy bli att i Oslo, saman med forleggarane.

Korleis er det å skriva på bygda? Kvar skal ein henta inspirasjon frå, og kven skal ein kverulera med? Og kva med Annlaug Børsheim, vil ho nokon gong følgja etter og ta over familiegarden i Ulvik?

Annlaug Børsheim er ein låtskrivar og musikar med ein uvanleg allsidig og imponerande CV. ,Børsheim er for tida aktuell med eit nytt album, og har turnert land og strand rundt i ulike band og prosjekt.

Agnes Ravatn og Ruth Lillegraven har skrive seg inn i hjarta til lesarar i heile landet – med romanar, krim, essay, lyrikk og barnebøker. Dei er begge aktuelle med nye romanar, Ravatn med boka Doggerland, og Lillegraven med boka

Denne kvelden møtest dei tre på scena i eit samspel der humor og alvor går hand i hand. Det blir snakk om by og bygd, venskap og uvenskap, skriveglede og skrivesperre – i salig blanding.

Den prisløna journalisten og forfattaren Kjersti Mjør leiar samtalen, medan plateaktuelle Annlaug Børsheim gjev fagert tonefylgje.

Foto av Agnes Ravatn: Line Omland Eilevstjønn
Foto av Annlaug Børsheim: Per Finne
Foto av Ruth Lillegraven: Ann Sissel Holte
Foto av Kjersti Mjør: Arne Flatin

<iframe style=»border: 0; width: 100%; height: 120px;» src=»https://bandcamp.com/EmbeddedPlayer/album=1589225251/size=large/bgcol=333333/linkcol=0f91ff/tracklist=false/artwork=small/transparent=true/» seamless=»»><a href=»https://annlaugb.bandcamp.com/album/spring-single»>Spring ( single) by Annlaug Børsheim</a></iframe>