Blått svev
«Blått svev» byr på tekstperler frå Nobelprisvinnar Jon Fosse til tonefølgje av spesialkomponert musikk. Denne poetiske konserten vekslar mellom det undrande, det vakre, uro og lengt – alt dette som finst i oss alle. Utøvarane er blant dei fremste vi har her i landet. Skodespelar og regissør Hildegun Riise har stått for tekstutval og framfører tekst. På hardingfele møter vi Benedicte Maurseth, på trøorgel Sigbjørn Apeland. Det er òg desse to som har komponert musikken.
«Jon Fosse er ein unik diktar som gjev oss språk for det språklause», seier skodespelar Hildegun Riise, som har fordjupa seg i forfattarskapen til Fosse. «Den kvardagslege og samstundes djupt menneskelege innsikta Fosse skriv fram i alle sine mange sjangrar, er makelaus. Over menneska finst ein stor himmel. Natur og lynne er oftast knytt til det vestnorske landskapet og lynnet. Likevel ber diktinga hans i seg ei menneskeleg sanning og gjenkjenning som viser seg å vera gyldig i store delar av verda,» slår Riise fast.
I 2020 blei plata «Blått svev» gitt ut på Grappa Musikkforlag. Plata inneheldt dikt av Fosse, og musikk komponert og framført av Stein Urheim og Benedicte Maurseth. Hardanger Folkeblad har omtalt plata: «Det nytter ikke å multitaske når du skal høre den. Du må HØRE. Sitte stille og ta inn. Gjør du det, åpner det seg et dobbelt univers, det Fosse maner frem og det vi ikke må glemme å ta vare på.» Seinare har konseptet utvikla seg vidare. Både tekstutval og musikk ber preg av det tette samspelet mellom Maurseth, Apeland og Riise.