
BLACK HAUGE med Erlend O. Nødtvedt og Erlend Apneseth Trio
Opplev Olav H. Hauge sine kjente dikt i ny elektronisk drakt med Erlend O. Nødtvedt og Erlend Apneseth Trio.
Trioen samplar Hauge frå hans eigne innlesingar på slutten av 80-talet, og miksar dette med element frå folkemusikk og jazz. Nødtvedt bidrar med sin heilt eigenarta og kreative vri på poesien. Denne sjangerblandinga gir ein eventyrleg følelse av nordisk natur og mystikk.
Espen Apneseth Trio har med sin stilfulle blanding av jazz, samtidsmusikk og tradisjonsmusikk etablert seg som eit av dei mest nyskapande og kreative banda her i landet.
Erlend O. Nødtvedt har gjeve ut romanane «Mordet på Henrik Ibsen» og «Vestland» i tillegg til fire velrennomerte diktsamlingar, blant anna «Trollsuiten» og «Slekter».
Erlend O. Nødtvedt: opplesing og avspilling av Olav H. Hauge sine dikter.
Erlend Apneseth: hardingfele
Stephan Meidell: gitar, effektar
Øyvind Hegg-Lunde: trommer, elektronikk
Thorolf Thuestad: lyddesign
Arrangementet er i samarbeid med Stord mållag. Medlemmar får rabatt på ordinær billettpris.